JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Barnehagelærar - 100 % vikariat - Marihøna barnehage

Alver kommune

ALVER, VESTLAND

Søk på jobben

Søk innen 22. november 2026

Om stillinga

Marihøna barnehage har ledig vikariat som Barnehagelærar. 

Stillinga er ledig nå med varigheit fram til 06.08.27 med muligheit for forlenging. Søknader blir vurdert fortløpande.


Arbeidsoppgåver / ansvar:

  • Skape eit godt barnehagemiljø for alle barn
  • Setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet med eit berekraftig fokus

Om barnehagen

Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med kort veg til busshaldeplass og hurtigbåtkai. I området rundt barnehagen har vi tilgang til fine turområde med skog, sjø og fjell, samt tilrettelagde leikeområde og bibliotek.

 


Kompetanse

Godkjent utdanning som barnehagelærar.

Gjerne erfaring frå arbeid i barnehage


Eigenskaper

Vi leiter etter ein pedagog som

  • passer inn i personalgruppa vår, tilfører oss noko og som kan vere med å utvikle oss og satsingsområda våre.
  • er raus, tydeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • er god på relasjonar til barn, føresette og kollegaer

Politiattest

I tråd med jf. barnehageloven § 30 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr:

  • godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • ein barnehage med sentral beliggenhet, men nærleik til naturområder
  • gode samarbeidspartnarar i nærmiljøet.

     


Lønsvilkår / Vilkår

Løna i stillingskode 6709 Barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.

Svært god pensjonsordning gjennom KLP.

Det  er krav om å vise fram tilfredstillande politiattest heimla i forskfrift til barnehagelova ved oppstart.


Vi er Alver

Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen