JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Ferievikar medisinsk poliklinikk sommaren 2027

Medisin poliklinikk Nordfjord, Helse Førde

STAD, VESTLAND

Søk på jobben

Søk innen 17. januar 2027

Medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus søkjer sjukepleiar til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 28.06.2027-22.08.2027 . 

Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage- og tarm, hjarte, infusjon, lunge, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade.

Nordfjord sjukehus ligg sentralt til i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu.

Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.


Arbeidsoppgåver

  • Behov for ferievikar på hjartepoliklinikk og skadepoliklinikk, men kan også vere behov ved andre poliklinikkar.
  • Forberede pasient til undersøkingar, hjelpe lege ved undersøkingar.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du må ha evne til systematisk arbeid 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Trivelig arbeidsmiljø


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Arnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 031

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5202499935
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027

Kontaktperson for stillingen

Arnstein IvesdalEiningsleiar(+47) 578 64 031