JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Tilkallingsvikar miljøarbeid

Herøy kommune, Kvalifiseringssenter

HERØY (MØRE OG ROMSDAL), MØRE OG ROMSDAL

Søk på jobben

Søk innen 31. januar 2027

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. 

Vi treng å ha nokon vi kan ringe til ved sjukdom og behov for ekstraarbeid. Du må vere fleksibel nok til å kunne jobbe både dag, kveld og helg.

Søknadsfrist er snarast, vi kontaktar aktuelle vikarar fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • oppfølging av flyktningar, hovudsakleg ungdom
  • besøk
  • aktivitetar
  • tilsyn

Kvalifikasjonar

  • gjerne student innan sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning. 
  • interesse for, og gjerne erfaring frå å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn

Personlege eigenskapar

  • verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
  • ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar
  • fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver, har god formidlingsevne og tydeleg kommunikasjon
  • god på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling
  • evne og vilje til målretta og sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr

  • eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø
  • fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap 
  • heilskapleg tenkjing  med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring
  • personleg rettleiing og samhandling
  • god pensjonsordning og fritidsforsikring gjennom KLP
  • IA-bedrift

 

Kontaktinformasjon

Camilla Storøy, Avdelingsleiar kvalifiseringssenteret, +47 41424728

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 23
6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5199696721
Stillingsprosent: 0%
Vikar

Kontaktperson for stillingen

Camilla StorøyAvdelingsleiar kvalifiseringssenteret+47 41424728