JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Helse Bergen HF

BERGEN, VESTLAND

Søk på jobben

Søk innen 22. november 2026

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved:

  • Kirurgisk klinikk, Avdeling for Gastrokirurgi
  • Bemanningssenteret

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Vil du vere ein viktig del av pasientforløpet ved Avdeling for Gastrokirurgi
Vi søker nå ein engasjert og løysingsorientert helsesekretær som vil bidra til trygg, effektiv og profesjonell pasientbehandling.

Avdeling for Gastrokirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk og har tre sengepostar, med 60 senger. Vi behandlar om lag 4500 inneliggande pasientar, har 1200 dagbehandlingar og rundt 20 000 polikliniske konsultasjonar.

Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, med rotasjon mellom poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Du får grundig opplæring innnfor dei områda du skal jobbe med.

I dag har avdelinga av 10 dyktige sekretærar fordelt på poliklinikk, sengepost og inntakskontor. No ønsker vi å styrke teamet med ein medarbeidar som:

  • er motivert for å yte god service i møte med pasientar og pårørande
  • er opptatt av god pasientlogistikk og kvalitet i pasientforløpet
  • trivst i ein kvardag med samarbeid, ansvar og høg aktivitet 

Hos oss får du ein arbeidsplass med stor fagleg breidde, gode kollegaer og moglegheit til å bidra i ei avdeling i utvikling.
Vi håper du har lyst å bli ein del av vårt team!
Kontakt: Anita Anfindsen, tlf. 90697382.

Bemanningssenteret er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å opparbeide deg brei kompetanse, fagleg utvikling og bli godt kjent med mange ulike einingar på sjukehuset. Leiar for den merkantile gruppa i Bemanningssenteret gjennomfører jamlege personalmøte og fagdagar for dei tilsette. Vi søker etter sekretær/helsesekretær som har gode kunnskapar og lang erfaring med Libra. 
Kontakt: Cathrine Fauske-Haferkamp, Tlf. 99426755

Arbeidsoppgåver

  • Pasientadministrative oppgåver
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr


Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktigheit
  • Serviceinnstilling
  • Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, for den oppgitte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5206170381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Sjå kontaktpersonfor den oppgitte avdelinga