JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Eigedomssjef i Austevoll kommune

Austevoll kommune

AUSTEVOLL, VESTLAND

Søk på jobben

Søk innen 7. desember 2026

Om arbeidsstaden

Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke med om lag 5500 innbyggarar og svært høg næringsaktivitet – særleg innan maritim og marin næring. Kommunen har eit sterkt fokus på berekraftig utvikling, kvalitet i tenestene og profesjonell forvaltning. Eigedomssjef er einingsleiar og har personalansvar for to og rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Samfunnsutvikling er ein av tre sektorar i Austevoll kommune. I denne sektoren inngår utbyggingsprosjekt, folkehelse, samfunns- og arealplan, byggesak, eigedomsforvaltning, drift og vedlikehald, brann og redning, kultur, idrett og frivilligheit. Sektoren har om lag 35 tilsette.


Om stillinga

I denne rolla vil du ha overordna ansvar for økonomistyring, personalleiing og fag. Vi søker deg som har ei strategisk forståing, operativ erfaring og som kan vere med å utvikle den relativt nyetablerte eininga.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Einingsleiar for eigedom, veg og drift har ansvar for følgande område:

  • Eigedom-, veg- og hamneforvaltning
  • Veg- og hamnemynde
  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg, vegar og hamn
  • Reinhaldstenester
  • Bustadkontor
  • Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga, og skal ha fokus på strategi, system og utvikling.
  • Sikre heilskapleg ressursforvaltning og følge kommunen sine system og prosessar for økonomiplanlegging, økonomistyring og rapportering.
  • Ansvar for kommunen sin eigedomsstrategi og oppfølging av denne. Dette inkluderer god planlegging, ressursstyring og prioritering, både knytt til dagleg drift og langsiktig vedlikehald, anskaffingar og investeringar.
  • Ansvar for forvaltning av avtalar og kontraktar innan eigedomsområdet, og bidra til berekraftig drift med vekt på energieffektive og miljø- og klimavennlege løysingar.
  • Ansvar for å etablere eit godt samarbeid med andre sektorar i kommunen og eksterne aktørar.
  • Forvaltning av kommunale tenestebilar

Kvalifikasjonskrav

Ønska kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis tekniske og eigedomsrelaterte fag. Lang og relevant erfaring kan erstatta utdanningskravet.
  • Erfaring frå eigedomsdrift og -forvaltning.
  • Erfaring med leiing av fag, personal og økonomi
  • Erfaring med prosjekt- og prosessleiing og utviklingsarbeid
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vi verdset

  • Ansvarleg, strukturert og initiativrik
  • Målretta og sjølvstendig med god evne til å skape engasjement
  • God rolleforståing
  • Evne til å tenke heilskapleg, prioritere innsats og ha høg gjennomføringsevne
  • Evne til å handtere komplekse oppgåver
  • Samarbeidsorientert og god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt

Søkar må vere personleg eigna, og ved tilsetting vil vi legga stor vekt på dei personlege eigenskapane vi ønsker for stillinga.


Vi tilbyr

  • Ei spanande rolle og moglegheit til å etablere ei nyoppretta eining i Austevoll kommune.
  • Varierte og utviklande oppgåver i eit tenesteområde under utvikling
  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Delvis heimekontor og fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktpersoner for stillingen

Ingrid Kristina Danielsen HenriquesKommunalsjefingrid.henriques@austevoll.kommune.no+4790712808
Gro ReinertsenPartner, Mercuri Urval+4797559058