Kultur og innbyggjartorg
Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog
ØYGARDEN, VESTLAND
Søk på jobben
Søk innen 29. november 2026
Vil du vere med å drifte BUA på Ågotnes?
Arbeidsoppgåver
- Betene BUA i opningstida – låne ut og ta imot utstyr
- Svare på e-postar/telefon
- Sjekke utstyr og sørge for vedlikehald
- Rydde og halde orden på lageret
- Administrere utlån i BUA-systemet
- Marknadsføre BUA lokalt og på sosiale media
BUA Øygarden har opningstid tysdag og torsdag frå 12.00-18.00, og fredagar frå 10.00-14.00. I samband med vinter- og påskeferie har vi utvida opningstider til kl. 20.00 på tysdagar og torsdagar.
I travle periodar kan det vere aktuelt å jobbe meir enn 40%.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå butikk (gjerne sportsbutikk) eller andre serviceyrke
- Du må kommunisere godt både skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
- Høgare utdanning er ikkje påkrevd
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein serviceinnstilt person som samarbeidar godt med andre
- Du må vere påliteleg, ryddig og strukturert
- Du tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast
- Du har god gjennomføringsevne
- Du er interessert i og har erfaring med friluftsliv
- Kjennskap til turløyper, skiforhold, fiskeplassar m.m. i vår region er ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.
Vi tilbyr
- Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for innbyggjarane
- Samlokalisering med fritidsklubb og kulturskule på Frihuset, eit aktivt miljø
- Godt arbeidsmiljø
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!
Rådgjevar Frivilligsentralen
Julia Valeska Woehlert tlf. 907 19 143 julia.woehlert@oygarden.kommune.no
Avd.leiar Ung kultur – Hilde Kristin Egeland, tlf. 97 58 51 42
hilde.egeland@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her