Miljøarbeidar
Stend Vgs
BERGEN, VESTLAND
Søk på jobben
Søk innen 20. november 2026
Arbeidsoppgåver
Støtte den einskilde eleven sitt læringsarbeid og fremje trivsel gjennom målretta rettleiing og aktiv medverknad til eleven si faglege og sosiale utvikling.
Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne.
Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar.
Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot barn og ungdom med samansette utfordringar.Det er ønskjeleg med minimum fagbrev.
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.
Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.
Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.
Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd.
Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt i denne stillinga.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Frode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765Arbeidssted
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5205666992
Stillingsprosent: 84,68%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Frode Skudalavdelingsleiar+4795968765