Reinhaldar - heimetenesta
Masfjorden kommune
MASFJORDEN, VESTLAND
Søk på jobben
Søk innen 26. november 2026
Om stillinga
Masfjorden kommune søkjer etter reinhaldar i 100% fast stilling frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta.
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Me ser etter deg som
- Har erfaring frå reinhaldsoppgåver
- Er arbeidsam og fleksibel
- Møter brukarane med respekt og positiv innstilling
- Har førarkort klasse B
For søkarar med anna morsmål enn norsk er det krav om minimum nivå B
Det er ikkje krav til utdanning i stillinga, då opplæring vil bli gjeve. Har du fagbrev innan reinhald, helse eller omsorg vil dette vere positivt
Arbeidsoppgåver
Praktisk hjelp i heimen, som reinhald, klesvask, enkel matlaging, innkjøp med meir. Det kan også vere aktuelt å hjelpe nokre av brukarane med enklare personleg pleie og påkledning.
Me tilbyr
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Oppdatert utstyr og hjelpemiddel i arbeidet
- Løn i samsvar med avtaleverket
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om ordninga her