Rådgjevar (jurist) - helse og omsorg
Statsforvaltaren i Vestland
SOGNDAL, VESTLAND
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Om stillinga
Statsforvaltaren i Vestland er på jakt etter ein engasjert og dyktig jurist til ei fast stilling som rådgjevar. Stillinga ligg til avdeling for helse, sosial og barnevern, med kontorstad på Leikanger.
Vi jobbar på oppdrag frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet, og har ansvar for viktige rettstryggleiksoppgåver i helse- og omsorgssektoren.
Frå 1. januar 2026 fekk vi ansvar for pasientreiseklager frå heile landet. Når ein innbyggjar reiser til og frå behandling som vert dekt av det offentlege, kan dei ha rett til reisestønad. Pasientane gjennomfører reisene på eigenhand, og sender søknad om reisestønad til Pasientreiser HF i etterkant. Dersom søkjaren ikkje er samd i vedtaket til Pasientreiser HF, kan dei klage til Statsforvaltaren.
Vi ser etter deg som har interesse for helse- og omsorgsrett, og som vil jobbe for å sikre kvalitet og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene.
Arbeidsoppgåver
Som juridisk rådgjevar vil du primært jobbe med behandling av klager etter føresegnene i pasientreiseforskrifta. Du vil både behandle eigne klagesaker, og etter kvart godkjenne sakene til andre saksbehandlarar. Det kan også bli aktuelt å bidra med utviklingsoppgåver.
Det kan også bli aktuelt å jobbe med andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
- God munnleg og skriftleg framstillings evne på både nynorsk og bokmål.
- Gode IKT/digitale ferdigheiter.
Ved vurdering av kvalifiserte søkarar vil vi legge særleg vekt på personlege eigenskapar, og erfaring frå offentleg saksbehandling og saksområda som ligg til stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- kan arbeide effektiv og strukturert
- er initiativrik
- har høg arbeidskapasitet
- likar å arbeide sjølvstendig, og som samtidig har gode samarbeidsevner
- bidrar til eit godt og hyggeleg arbeidsmiljø
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
- Jana Midelfart-Hoff, Seksjonsleiar/ ass. fylkeslege Telefon: +4755572005 | E-post: Jana.Midelfart-Hoff@statsforvalteren.no
- Waldis Werdal Selfors, Seniorrådgjevar Telefon: +4755572120 | E-post: waldis.selfors@statsforvalteren.no
- Ida Holmås Aalerud, Seniorrådgjevar Telefon: +4755572330 | E-post: ida.aalerud@statsforvalteren.no
Arbeidsstad:
Njøsavegen 2 6863 Leikanger (Sogndal Kommune)
Kontaktperson for stillingen
Jana Midelfart-Hoff55572005