JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Fløgstad skule har ledig eit 100% vikariat som

Sauda kommune Fløgstad skule

SAUDA, ROGALAND

Søk på jobben

Søk innen 3. desember 2026

Har du eit brennande engasjement for elevane si læring og trivsel? Vil du vera med å byggje eit sterkt fagmiljø der relasjonar, meistring og utvikling står i sentrum? Då vil me gjerne høyre frå deg.

Fløgstad skule har ledig eit 100% vikariat som lærar frå 01.01.2027-31.07.2027. Me søkjer ein engasjert og motiverande lærar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på ulike trinn
  • Skape gode læringsopplevingar gjennom tydeleg klasseleiing og tilpassa opplæring
  • Delta aktivt i utvikling av skulen sitt profeksjonsfellesskap
  • Samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule
  • Gjerne kompetanse i eitt eller fleire av faga norsk, matematikk eller engelsk
  • Gode digitale ferdigheiter (me nyttar læringsbrett)
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Me søkjer etter deg som

  • Byggjer gode relasjoner til elevar
  • Skapar trygge og inkluderande klassemiljø
  • Har tru på alle elevar sitt læringspotensial
  • Motiverer og inspirerer
  • Likar å samarbeide og dele erfaringar
  • Brukar teknologi som ein naturleg del av undervisninga
  • Personlege dugleikar vil bli vektlagt.

Me kan tilby

  • Ein spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskap
  • Pensjonsordning i SPK
  • Gode forsikringsordningar

Tilsettingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søkja stillinga, uavhengig av kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Kontaktperson for stillingen

Ellen TveitRektor, Fløgstad Skuleellen.tangeraas@sauda.kommune.no+47 92869593