JobbPeilFinn din retning

← Tilbake til stillingene

Samfunnsplanleggjar

Sveio kommune

SVEIO, VESTLAND

Søk på jobben

Søk innen 4. desember 2026

Om stillinga

Samfunnsplanleggjar hos oss har hovudansvar for overordna planar, til dømes kommunedelplanar, klimaplan og kommuneplan. 

I tillegg får ein moglegheit til å delta i ulike tverrfaglige arbeidsgrupper, og dessutan prosjektarbeid. Dette gjer at ein er tett på samfunnsutviklinga, både lokalt og regionalt. 

Du vil inngå i ein eining for samfunnsutvikling - teamet vårt jobba tett saman med ynskje og mål om å gjera Sveio til ein god stad å leva. 
I samfunnsutvikling arbeidar me med overodna plan, næring, folkehelse, kulturminnevern, samt idrett og friluftsliv. 


Arbeidsoppgåver

  • overordna planarbeid med tilhøyrande sakshandsaming
  • lede og og delta i prosjekt innan fagområde samfunnsutvikling
  • lede og delta i tverrfaglige arbeidsgrupper  
  • deltaking i andre arbeidsoppgåver som ligg til eininga

Kvalifikasjonar

  • utdanning frå universitet/høgskule
  • relevant praksis innanfor fagområdet er ein fordel, men ikkje eit krav
  • evne til å driva fram utvikling i samsvar med kommunen sin strategi og planar
  • gode datakunnskapar
  • kjennskap til digitale kartløysningar og relevant programvare er ein fordel
  • førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • kunna arbeida sjølvstendig og strukturert
  • initativrik og løysningsorientert 
  • god på samarbeid 
  • serviceorientert 
  • god på kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
  • stor arbeidskapasitet 
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle 
  • løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktperson for stillingen

Bente Marie JohansenEiningsleiar samfunnsutviklingbente.marie.johansen@sveio.kommune.no+4748070543